Abid Raja til Ulsteinvik i mai

Abid Raja til Ulsteinvik i mai

I juni 2009 hadde Søre Sunnmøre mottak besøk av Marco Elsafadi som snakka til dei mannlege asylsøkarane og flyktningane i kommunen. Han hadde fokus på kvinnesyn, oppseding av barn og vold i nære relasjonar. Han er ein dyktig og fengjande foredragshaldar, og fekk mykje god respons av dei som måtte høyre på. At han sjølv kom til Noreg som barn, var nok med på å gje det han snakka om større kredibilitet.

Vi synest dette var ein god og virkningsfull måte å ha informasjon til bebuarane på, så i år har vi klart å få Abid Raja til å komme 19.-20. mai. Han er advokat, politikar og har mellom anna erfaring med å vekse opp i to ulike kulturar.

For våre mannlege bebuarar og flyktningar i kommunen vil han fokusere på kvinnesyn, oppseding av barn og vold i nære relasjonar. For samarbeidspartnarane våre vil han ha fokus på korleis det er for barn og unge å vekse opp med ein fot i kvar sin kultur, og om æresbegrepet i eit patriarkalsk samfunn.

Alle informasjons - og barne og ungdomsansvarlege ved Link-mottaka vil få invitasjon til å kome og delta 19-20. mai 2010.

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK