Afghansk nyttårs feiring i Volda

Afghansk nyttårs feiring i Volda

Denne dagen er det bebuarane som bestemmer og får vere «sjef» for ein dag, når de gjeld alt som har med mat og organisering. Vi ansatte står berre mållause tilbake og ser kva dei får til på eit stramt budsjett og lita tid. Dei planlegg, handler inn alt som trengs, lager maten,
dekker på og rydder opp igjen. Alt utan å be om hjelp ein einaste gong. De er fantastisk å få vere vitne til eit slikt engasjemang, deltagelse og glede. Ikkje berre blant afghanerane, men dei andre gruppene av gutar blir også invitert til å delta på feiringa. Gutane er tidlig oppe denne dagen, og er tidlig i gang med kutting av grønsaker og frukt. Ris og kylling skal tilbredast. Så denne dagen blir kjøkkenet omgjort til
eit storkjøkken med stor trafikk. Nesten alle hjelper til. Ordre blir gitt medan afghansk musikk strøymar ut frå ein høgtalar. Det vert tid til litt dans på kjøkkengolvet inn i mellom før neste frukt skal kuttast.

I løpet av noko få timar tryllar dei fram dei deiligaste rettane, og det skal ikkje vere noko fare for at dei innbodne gjestane skal få for lite mat. Det blir dekka flott på i begge stovene. Klokka går, og eg ser at stressnivået aukar litt. Blir vi ferdig til gjestane kjem? For her skal de ikkje vere nokon tilfeldigheter, men dei vil lage de så fint som mulig innanfor de budsjettet og tidsramma dei har. Nokon er i innspurten på maten, nokon har begynt å vaske opp, medan nokon inspisera at pådekkinga er fin og klar for gjestane. Dei første gjestane kjem inn døra. Det er lærarar, verger, bufelleskapa i Volda og Ørsta, studentar som har vore på praksis og alle i personalet som har fri som er bedne inn
Det var innom om lag 50 gjestar denne dagen. Vi kunne sjå stoltheita i augene deira når de blir skrytt av maten dei sjølv har laga. Og av kor fint dei har gjort det. Kansje ein tanke flau over å ta i mot så mykje ros. Dei var stolte og vi var stolte. Ein fantastisk gjeng som trylla fram dei deiligaste rettar og flottaste frukfata. Gutane gjorde dette til ein kulinarisk oppleving for alle dei frammøtte.

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK