Aktivitetar på Søre Sunnmøre

Aktivitetar på Søre Sunnmøre

Fredagskafé med syrisk mat

Etterkvart har fredagskafeen etablert seg og blitt eit fast innslag i veka for bebuarane. Og det har til no vært eit populært tilbod. I starten var det tilsette som laga til kaffe, te, saft, sveler, vafler, kjeks, frukt eller kaker. Men samarbeidsrådet har sagt at dei vil vere med og drive kafeen. Og ei syrisk kvinne i rådet ville lage mat frå sitt heimland. Så då var det mange som fekk smake god syrisk mat og alt vart rive vekk på no time! Dette vil vi prøve å forsetje med og variere mellom enkel norsk mat og varme rettar frå andre land.

Søppel-info

Det er kjekt med variasjon i informasjonsprogrammet så av og til legg vi ut på ekskursjonar. Derfor fekk Søre Sunnmøre Reinhaldsverk besøk av nesten 50 bebuarar i to puljer som skulle få sjå korleis alt søppelet vårt vert sortert og pakka, sendt eller brent og kvifor det blir gjort og kva vi kan bruke til gjenvinning. Informasjonssjef ved reinhaldsverket var dedikert til jobben sin og forklarte om det eine og hitt som ein kunne lure på. Vi vart også grundig vegd og funne for tunge då alle gjekk opp på bilvekta og vi vog 1,6 tonn i kvar pulje.

dsc 2250   dsc 2251

Informasjon frå ordfører Knut Erik Engh

Ordføraren hadde ei grundig og informativ innføring om norsk demokrati og styresett, og deltakarane responderte med applaus då han var ferdig. Vi fekk sitje i kommunestyresalen, og han starta med Grunnlova i 1814, fortalde om kvifor vi gjekk frå einevelde til demokrati, kva verdigrunnlag vi bygger landet på, om oppgåvene til Kongen, Stortinget, Regjeringa, kva fylkeskommunane og kommunane har av oppgåver og ansvar. Det vart også tid til spørsmål, og ordføraren fekk relevante spørsmål til det han hadde snakka om. Så dette håper vi at vi kan få gjere igjen.

dsc 2339





















 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK