Brannøving i regnet på Søre Sunnmøre

Brannøving i regnet på Søre Sunnmøre

Dagen før meldt tilsyn var det satt opp brannøving med sjølvaste brannmeisteren i minibyen Ulsteinvik. Heile personalet deltok, og kom meir eller mindre godt kledde for regn og kulde.

Klokka ni, utanfor hybelhuset sto ein hutrande, våt gjeng og høyrde på instruksjonar frå brannmeisteren. Og vi kunne sjå at eitt og anna nysgjerrig bebuarhovud stakk fram frå gardinene for å sjå kva Office-gjengen no heldt på med. Først fekk vi i oppgåve å dra ut brannslangen, opne krana og treffe oppi ein liten kum med strålen. Det klarte alle saman med meir eller mindre treffsikkerheit. Og vi fekk repetert at ein vid stråle sløkkjer større område i gongen, men viss varmen frå brannen er for intens, kan du lage strålen lenger så du kan gå bort frå varmen. Etterp������ skulle vi bruke brannsløkkingsapparat på ekte eld. Vi fekk innføring i fordeler og ulemper ved bruk av skum- og pulverapparat, og alle prøvde å slukke med eit skum-apparat. Og tenk, alle klarte det også. Til slutt vart det mange spørsmål til brannmeisteren om ulike situasjonar, og råd om sløkkingsmåtar og andre reaksjonsmåtar. Så det var ein meir opplyst gjeng som gjekk tilbake til Office den dagen og gjorde seg klare til å ta imot fint besøk av UDI.
 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK