Communication for change

Communication for change

Frå 1-5. februar har Søre Sunnmøre mottak fått ekstra ressursar inn i personalet. 6 internasjonale utvekslingsstudentar som deltar på programmet Communication for Change (CFC) skal få innsyn i liv og arbeid på eit norsk asylmottak. Dei kjem frå Kenya, Nicaragua og Tanzania og er i starten av 20 åra.

Dette er endå eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnmøre Folkehøgskule og mottaket, og studentane skal bu og vere elevar ved skulen fram til mai i år.

Etter nokre dagar har CFC-studentane verkeleg glidd godt inn blant bebuarane. Dei er utadvendte og sjølvgåande, og i skrivande stund har dei ansvar for Barneklubben. Barna kosar seg med dansar og leikar, og har det heilt topp.

Så langt har dei fått informasjon om asylsøkerprosessen, blitt vist rundt på mottaket av sine fadder-bebuarar (som verkeleg set pris på engasjementet og energien til dei 6), vore med på engelskkurs og norskkurs for bebuarane, hatt middagskurs for menn, gitarkurs for dei over 18 år, vore i ein open barnehage der nokre av bebuarane går med dei minste barna sine.

Vidare skal dei ha Kvinnegruppe ein kveld, planlegge informasjon med fokus på heimlanda sine og CFC-programmet, dei skal få vite litt om busetjings-prosessen for dei som får opphald, vere med på spansk snakkegruppe og bowlingturnering som bebuarane kan melde seg på.

Den siste dagen skal dei altså først ha informasjon fram til lunsj, og etter-på eit utvida middagskurs for menn der dei lagar til litt å bite i for dei som kjem på Goodbye-festen som vi skal ha for dei.

For nokre av bebuarane våre har CFC-studentane blitt eit stort lysglimt i kvardagen, og dei har allereie avtalt middagsbesøk med afrikansk mat til helga!

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK