Dagens godord går til NETTBUSS I FURENE!

Dagens godord går til NETTBUSS I FURENE!

Nokre timar etter avreise fekk mottaket ein fortvila telefon om at nokre ting låg igjen på ein annan buss og at bebuaren sjølv ikkje hadde kome med den bussen han skulle når det var busskifte. Det høyrer også med til saka at vi berre delvis kommuniserer med denne bebuaren på grunn av språklege utfordringar. Vi kasta oss på telefonen til Nettbuss for å finne ut om vi kunne få tak i bussen og tinga som låg igjen.

Ei kjekk dame tok telefonen og ville gjere det ho kunne for å få tak i bussjåføren. Etter nokre minutt ringde ho tilbake og sa at bussen akkurat hadde køyrt frå Ålesund og at tinga var der. Sjåføren skulle møte oss i Volda på returen.

Etter dette kunne ein av våre ansatte som snakkar same språk som bebuaren snakke med han. Då kom det fram at bebuaren var om bord i rett buss, men at eit viktig brev låg igjen på den andre bussen. Vi måtte igjen kontakte Nettbuss. Fortsatt (sjølv om det berre var 1minutt til stengetid) svarte ei blid og hjelpsam dame. Ho formidla vidare til sjåfør og ordna opp.

Morgonen etter denne hendinga ringde telefonen på kontoret – det var den kjekke og blide dama frå Nettbuss i Furene.

«Eg ville berre høyre korleis det gjekk i går. Sjåføren lurte veldig på om bebuaren kom fram fordi han ikkje såg han når han kom tilbake til Moa. Sjåføren har fri, men ville så gjerne vite om alt gjekk bra.»

Mottaket kunne då seie at alt gjekk bra og at bebuaren var komen fram der han skulle vere.

Tenk deg, på sin eigen fridag er bussjåføren fortsatt så oppteken av passasjeren sin at han ringjer kontoret sitt for å høyre om dei har fått vite noko.

Omsorg, det at nokon bryr seg og hjelper til, det er viktig for dei som har reist frå alt dei kjenner og er glad i.

TUSEN TAKK til bussjåføren, og TUSEN TAKK til Nettbuss i Furene som ordna ut og var så hjelpsame! Både mottaket og bebuaren set veldig stor pris på det

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK