Dramatikk i Molladalen

Dramatikk i Molladalen

9. september gjekk 14 asylsøkjarar frå Volda og Søre sunnmøre mottak , derav fem kvinner frå Eritrea, Etiopia og Burundi fjelltur til Molladalen, ein fantastisk spesiell dal med eventyrlege fjelltoppar. Dei skulle overnatte, og hadde med seg soveposar, liggeunderlag og stormkjøkken. Veret var på deira side, og dei kunne sove tørt og godt ute i det fri etter eit friskt kveldsbad i eit fjellvatn.

Dagen etter var målet å klatre opp til Bladet, ein slags naturleg, høg bauta oppe i fjellsida. Ein proff klatrar kom opp om morgonen og hjelpte dei som ville prøve. Denne klatringa er litt skummel, men 3 av bebuarane klatra helt opp og balanserte på toppen av Bladet. Sjølv om ikkje alle kom seg opp sjølve Bladet, var fjellturen ein stor seier for alle som var med, kjensla av å meistre noko, ha mot til å møte det ukjente og seiersfølelsen av å ha nådd målet var stor.

På nedturen skjedde det noko uventa dramatisk. Dei høyrde rop om hjelp frå ei fjellside, og to eritrearar la på sprang dit ropa kom frå. Då dei høyrde det bli ropt " Ring etter helikopter!", sprang nokre andre rundt i området for å finne dekning på mobilen. Helikopteret kom, og tre av bebuarane hadde altså på under 30 sprunge opp til den eine skadde og vinka helikopteret til rette staden.

Eine bebuaren vart ogs�� att for å leite etter den andre skada personen. Då dei andre fekk melding om at dei skada var tekne hand om, kunne vi senke skuldrane. Ein flott innsats og utruleg samarbeid på tvers av nasjonalitet, kultur og språk gjorde at dei fekk ringt ambulanse og bistod i redningsarbeidet. Vi på mottaka er stolte over turgåarane.

Sjå og omtale av saka i Sunnmørsposten: Redningsaksjon i Molladalen

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK