Ei ny framtid

Det er vanskeleg å førestille seg korleis det må vere for ein 15 åring og kome til noko som er så framandt. Her er dei no, og her skal dei vere fram til dei får vite korleis framtida ser ut. 

Dagane er aldri like, og det er noko av det som gjer det så spanande med ein jobb som denne. Alle har sine oppgåver, men mykje av det vi gjer i løpet av ein dag er oppgåver som ikkje står beskrivne i klartekst i nokon arbeidsinstruks. Det handlar om å lytte, sjå, hjelpe, trøyste og forklare. Det handlar om å vise veg gjennom ein jungel av moglegheiter og vegar som dei kan ta. Informasjonsprogram, aktivitetstilbod, matkurs og hygienekurs. Alt skal planleggast og alle skal kjenne at dei vert verdsette og respekterte av oss som jobbar her – for alt det vi gjer handlar om ein ting: uansett alder, så er vi alle menneske.

Når ein ikkje vil gå heim frå jobb fordi ein har det så bra på jobb. Når smila ein møter i gangen gjer at dagen vert ekstra god. Eit klapp på skuldra som betyr så uendeleg mykje for ungdommen som får det. Ein kvardag fylt med så utruleg mykje forskjelleg. Gleda og omsorga som fyller hjartet når ein møter desse gode ansikta morgon etter morgon, kveld etter kveld.

Eg trur eg kan gå god for at alle oss som jobbar her er like takksame for den moglegheita vi har fått. Moglegheita til å bety noko for dei som har reist frå så mykje meir enn vi kan fatte. Har eg kjent meg redd etter at eg byrja i denne jobben? Nei, eg har berre opplevd kjærleik og glede.

 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK