Ei reise i tid

Ei reise i tid

Vekkerunda gjekk treigare enn vanleg, og ungdomane var vanskelege å få ut av senga denne morgonen.

Dei som kom seg av garde til bussen, fekk vere med på ein fantastisk dag! Turen gjekk til Bjørke, og første stopp var på ein gard der. Lukta av silo, høy, hest, okse og kraftfor slo i mot oss. Nokre rygga i det dei kjende lukta, andre såg ikkje ut til å bry seg om det. Vi fekk ein fin presentasjon av gardsdrift og fekk vere med på foring, stell, riding og eggplukking. Gutane hjelpte til og gjorde det dei kunne for å vere deltakande.

20170322 104406   20170322 112032
 
På garden hadde dei høner, vaktel, kaniner, oksar, hestar og hund. Ei stor takk til Torbjørn og Maria som opna garden sin, tok i mot oss på fantastisk vis og let oss vere ein del av kvardagen deira denne dagen.

                              20170322 104025


Neste stopp på turen var på Bakketunet. Her skulle vi få ei omvisning i gamle bygg. Fjøs, stall, stove og stabbur. Kva vart alle desse bygga brukte til, og kva er skilnaden på desse husa og husa nordmenn bur i i dag? Ei spanande reise der vi ikkje berre fekk lære om bygningar, men også om korleis folket levde på den tida husa vart bygde. I tillegg fekk alle lage og steike seg ein pizza kvar i steinomnen som står der. Ei herleg oppleving for oss alle! Frå ein klump med deig, til ein ferdig pizza som var forma av eigne hender. Maten smakte EKSTRA GODT denne dagen etter mange  timar med aktivitet og læring! Det smakar i alle fall betre med ein heimelaga pizza enn det gjer med kjøpepizza, det var i alle fall alle einige i. Tusen takk til Marita Bett som tok så vel i mot oss.


20170322 125502   20170322 125906

Maten smakte EKSTRA GODT denne dagen etter mange  timar med aktivitet og læring! Det smakar i alle fall betre med ein heimelaga pizza enn det gjer med kjøpepizza, det var i alle fall alle einige i. Tusen takk til Marita Bett som tok så vel i mot oss.
 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK