Ei skapande hand

Ei skapande hand

Det krev mykje arbeid når ein skal vere keramikar. Tungt arbeid. Skapande arbeid – DU har skapt noko, heilt av deg sjølv.

Ein klump ligg på bordet framfor deg, og du har aldri sett dette før. Grå, kald og hard. «Kvar skal eg starte? Korleis skal eg angripe dette?» tenkjer du.


volda ema 9

Nokre brukar kjevla for å lage store «pannekaker» dei kan setje saman, andre slå leireklumpen i benken gong etter gong, igjen og igjen. Ein kan sjå at dei anspente skuldrane senker seg, at leppene blir mindre stramme og at dei djupe furene i panna gradvis forsvinn. Den kalde og harde klumpen med leire vert mjukare og mjukare, akkurat slik som hendene til kroppen som formar og arbeider. Ein aktivitet der ein kan sjå at kjensla av meistring aukar for kvar nye bevegelse, der sjølvkjensla aukar og der venting, frustrasjon, gleder, sorger og sinne kan overførast til leira som ligg på bordet. Når gutane bankar laust så hardt at ein trur det står om livet, så kan ein spørje seg sjølv om kva det er dei er så flinke til å skjule…

volda ema 2   volda ema 3

Kreativt arbeid, der ingenting er rett og gale. Der du sjølv kan ta styringa, utfordre deg sjølv og sjå at du faktisk meistrar noko du aldri har prøvd før. Stoltheita oser av dei alle. Fire gutar som fekk vere med på ei prøverunde. Fire gutar med enorme smil om munnen. Fire gutar med hendene fulle av glas, koppar, skåler, fat og kunst som dei har laga HEILT ALEINE. Stoltheit, auka sjølvkjensle, meistring, samhald, læring, utfordring, kunnskap og engasjement.

Motivasjon er eit tema som går igjen og igjen når ein jobbar med ungdom. Uansett kva ein skal gjere, så er det mange som er positive før dei skal ut. Så kjem dagen og aktiviteten skal snart starte. Då er det som om ein trykkjer på ein brytar. Fleire av dei som har sagt ja, seier no at dei ikkje vil. Ikkje har dei noko forklaring heller. Kva skal ein då gjere? Av og til så må vi faktisk presse, av og til så er det faktisk den gongen du har minst lyst ut døra og du går uansett, at du får med deg dei beste opplevingane.

volda ema 5   volda ema 6

Om vi skal prøve å få til dette for fleire bebuarar? Er det ein ting vi er sikre på, så er det akkurat det! Tusen takk til Ingeborg for fantastiske timar med tilrettelegging for meistring, auka sjølvkjensel, kunnskap, engasjement og nyttig lærdom.

volda ema 7



 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK