Eit minne for livet

Eit minne for livet

Eit etterlengta avbrekk frå det kvardagslege. Sjølvsagt er det ekstra stas når vi kan få vere med på aktivitet som vi ikkje er med på kvar veke. Måndag 10.oktober var ein slik dag. For både ansatte og bebuarar vart dette ein veldig minnerik dag, med utprøving av ny aktivitet.

Det er skulefri og vi har eit fullstappa program. Atter ein gong kan vi ved mottaket vere takksame. Folk i nærområdet viser at dei tek initiativ og inviterer oss til aktivitet som vi kanskje ikkje hadde visst om utan invitasjon. Til stor glede for dei som fekk vere med.

Ungdomane fekk sjå hundegarden og helse på hundane, samt lære seg korleis dei på best mogleg måte skal møte ein hund. Så bar turen vidare ut i skogen der dei skulle få prøve hundekøyring. I tillegg fekk dei lage laks steikt på bål til middag og banan med sjokolade steikt på bål til dessert. Ludo, latter, matlaging og hundekøyring prega resten av dagen.

20161010 160722   20161010 160736

Stemninga var på topp heile dagen, og ikkje ein einaste person klaga på kulde, ventetid eller køyretid. Alle var ikledt ei herleg bållukt, og spenninga var stor når dei fekk sitte i sleden bak hundane. Fleire gongar fekk arrangøren store klemmar frå ungdomar som var veldig takksame for at dei fekk vere med på denne aktiviteten. På veg heim rekna vi med at dei skulle sove godt etter 10 effektive timar med friskluft, bål og aktivitet. Dette skjedde ikkje. I staden sette gjengen frå Eritrea i gong med song. I 40 minutt heldt dei det gåande i baksetet på bilen. Dei var så takksame og glade, du skulle sett dei!

Arrangøren var også glad for å få dele dagen med oss. Vi er klar for ei ny runde med hundekøyring så snart som råd, for dette var absolutt aktivitet ungdomane ville vere med på igjen!

Takksame smil, gode minner, fantastiske opplevingar – dette formar gode hjarte. Det er ikkje alltid det er så mykje som blir krevja, anna enn at folk vier tida si og viser fram det som ligg deira eige hjarte nært. Ungdomane set pris på at folk tek seg tid til dei, og at folk vil dele opplevingar med dei.

 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK