Eritreisk nasjonaldagsfest i Ulsteinvik

Eritreisk nasjonaldagsfest i Ulsteinvik

Tilsette ved Søre Sunnmøre mottak fekk høgtideleg invitasjon til å vere med på å feire Eritrea sin nasjonaldag som er 24. mai. Ordførar og rektor for norskundervisninga var også der, og det vart halde talar og sunge nasjonalsong. Salen var flott pynta med draperier på alle stolane og eritreiske og norske flagg om ein annan. Og alle hadde pynta seg, mange i nasjonaldrakter, flotte som dronninger. Maten blei eit av høgdepunkta med all slags gode rettar. Og etterpå var det spretting av champagne, og kaker til alle som ville ha. Så begynte dansen til levande, eritreisk musikk. Og det vart dansa  til langt på kveld. Så nasjonaldagen vart feira grundig av alle eritrearar frå Søre Sunnmøre og gjester av andre nasjonalitetar.

eritrea2
 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK