Første, men ikkje siste gong

Første, men ikkje siste gong

Tårevåte auge, tungt svart hår, ein samanbiten munn med munnvikar som peikar mot golvet, mørkre – «Eg har ingenting å leve for lenger. Alt går i mot meg og eg har ikkje makt i mitt eige liv..Eg har fått avslag». Kontrastar. Glede, sorg, frustrasjon, sinne, likegyldigheit, depresjon. Mottaket sine daglege kjensler går gjennom eit vidt spekter.

Minutta går og klokka viser nye tider. Frå oppstart og fram til september så surfa vi på ei bølgje av glede. Samtlege fekk opphald i Noreg, positivt svar på asylsøknaden. Mottakslivet var berre godt, og dei vanskelege emna såg ut til å halde seg vekk. Når første vedtak om opphold som kom til mottaket breidde med seg eit teppe av glede og håp. Jubelen var stor og alle var glade.

5   samhald

Vi bladar opp august på kalendaren. Skulestart på læringssenter og vidaregåande, nye tider. Nye skulebøker, medelevar, lærarar og rutiner. Glede, håp og spenning. Sekkane vert pakka og alle er oppe tidleg. Intervjua kjem på rekke og rad, noko som også gjer at stemninga er ekstra god. Nesten eitt år med venting har endeleg resultert i intervju! Den mest etterlengta dagen i løpet av dei siste ti månadane.

Når september togar inn, så er nesten alle intervju gjennomført på bebuarane som har budd her sidan oppstart. Dette fører ei ny bølgje inn over mottaket – motgang. Frå glade dagar, til tristare dagar. Frustrasjonen over ting bebuarane sjølve ikkje kan kontrollere dukkar opp. Alder vert heva, avslaga kjem og motivasjonen går jamt nedover. Bevegelsane vert seigare og seigare, tankane spring fritt og fokus forsvinn, sinnet sit lausare og kvardagen er prega av triste tankar. Dei du har budd saman med i nærast eitt år skal flytte – og det er INGENTING du kan gjere med det. Du kan berre sjå på at det skjer.

Samtidig som dei negative kjenslene har dukka opp etter at avslaga og vedtak om heva alder byrja å dukke opp, så har vi som ansette fått sett noko anna også. Bebuarane held tett saman. På tross av språk, kultur, bakgrunn, etnisitet og interesser så tek dei ansvar for kvarandre. Om ein bebuar slit med å få i seg mat, så er det andre som sørgjer for at vedkomande får i seg mat. Når nokon slit med motivasjon så tek dei andre eit godt tak i handa og dreg med seg vedkomande på aktivitet. Dei som er triste får trøyst, og dei som er glade får fram smil på triste lepper. Det er stort å sjå på dette samhaldet som har kome fram, tross vanskelege tider.

12 (1)   12 (5)

Vi har opplevd mange ting for første gong i løpet av dette året – ankomst av bebuarar, helsesjekk, skulestart, advokatsamtalar, intervju, alderstestar, opphald, avslag…Samtidig som vi skal ta oss av ungdomane, så skal vi ta oss av kvarandre som ansatte. Dette for at vi på best mogleg måte skal kunne gi til ungdomane det dei treng til ei kvar tid. Ei av våre store styrker er nettopp samhald mellom dei ansatte. Når ein er trygg på at dei som er på jobb til ei kvar tid alltid vil hjelpe, så er det enklare å gjere jobben sin. Vi ser, høyrer, oppmuntrar, trøystar, gir råd og støtter kvarandre. På denne måten kan vi yte ekstra mykje til ungdomane. Vi kan skape trygge rammer fordi vi sjølve er trygge og tillit fordi vi har tillit til kvarandre.

 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK