Fornøgde ungdomar på Norway Cup

Fornøgde ungdomar på Norway Cup

Mottaket på Kongshaugen var så heldige å bli plukka ut til organisasjonen A Step Closer sitt prosjekt som gjekk ut på å sende eit fotballag frå eit asylmottak til Norway Cup, i samarbeid med Furuset IF. Furuset IF stod for drakter og anna fotballutstyr, og det vart sett opp eit innhaldsrikt program for heile veka. Det var 16 spente gutar som reiste avgårde ilag med to tilsette frå mottaket.

Vel framme vart ungdomane innlosjerte på ein skule ilag med andre fotballag. Her fekk gutane moglegheit til å verte kjende med andre fotballinteresserte ungdomar. Første kamp enda med tap for laget frå Kongshaugen, men gutane gav ikkje opp av den grunn. Det skulle ikkje meir til enn eit par harde treningar og nokre justeringar på laget for å banke inn 4-0-seier i andre kamp. Neste kamp vann gutane frå Kongshaugen heile 8-1, noko som førte laget til sluttspelet. Første kamp i sluttspelet enda òg med seier, men i 8-delsfinala vart motstandarane litt for sterke, og med det var fotball-eventyret over for denne gang.

Trass i at fotballkampane var over for vår del var det framleis mykje moro på programmet. Det vart mellom anna arrangert tur til Tusenfryd, restaurantbesøk og utflukt til Vigelandsparken, i tillegg til programmet som gjekk føre seg på Ekebergsletta i regi av Norway Cup.

Det var tydeleg at gutane hadde hatt ei kjekk og minnerik veke. Vi får høyre mange artige og fine historier her på mottaket om alt dei har opplevd. Ungdomane har fått mange nye erfaringar og opplevingar, og entusiasmen for fotball har vorte endå større. Gutane har no sjølve tatt initiativ til å arrangere faste fotballtreningar 3 gonger i veka. Saknet over Norway Cup og gutane sine nye bekjendtskap viser at dei har skapt fine minner dei vil ta med seg vidare i livet.

nc 2016 (2)   nc 2016


 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK