Fotomodell for ein kveld
Av SøreSunnmøre-Einfrid | 22.06.2012
På Søre Sunnmøre mottak har vi oppdaga gleda av å pynte oss litt, vi kvinner. Dei to siste Kvinnegruppesamlingane har hatt fokus på hud og sminke. Denne gongen ville vi forevige resultatet, og ba damene komme feridg styla på håret og med ein fin topp. Så fekk dei lagt sminke og blei grundig fotografert både ute og inne. Alle fekk tilbod om å velge seg eit eller to foto av seg sjølv som dei kan få kopiere, og fleire har vore så fornøgd med bileta at dei har sendt dei til familie og venner i heimlandet. ( Hei, sjå kor vakker eg er! ) Vi hadde altså ein veldig koseleg og lærerik kveld.