Hønekamp og Nissefar

Hønekamp og Nissefar

21. desember var det Hønseolympiade i egglegging på Julefesten til Søre Sunnmøre mottak i Ulsteinvik. Bebuarane har neppe sett mottaksleiar Ann Ingvill som høne under egglegging på denne måten før. Dette var eit av innslaga på festen, som i hovudsak er for barn og foreldre på mottaket.

Mange av dei små hadde pynta seg i sin finaste stas, og barnehagebarna song fleire songar for foreldre og søsken.

Frivilligsentralen hadde, som alltid før, samla inn nye juelgåver, og desse var grundig merka med namna til alle " barn" opp til 18 år.

Etter juletregang rundt ein talerstol (juletreet var borte !?!), fekk alle beskjed om å rope på nissen som ikkje hadde vist seg endå. Då han endeleg kom, hadde han med seg 3 store sekkar fulle av gåver, og alle barna hadde vore snille, så alle fekk!

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK