I pulserande rytmer med hjarte for kvarandre

I pulserande rytmer med hjarte for kvarandre

I alle kulturar og alle land fins det former for desse to innslaga. Dei gir liv desse to, og glede. Rytmer som smyg seg gjennom lufta, personar som flyt i takt med rytmene. Musikken opnar hjarta våre, dansen let smilet leve og brenn fast opplevinga i hjartet.

Bilane blir stappa fulle med ungdomar, og turen har gått til kulturhuset i Ørsta for å oppleve noko nytt. Spenninga er stor, også for oss ansatte. «Vil dei like det dei ser? Vil dei mislike det?». Mørkret legg seg over salen og alle blir stille. Etter to dansar så snur den eine ungdomen seg mot meg og seier «Oi! Norske born er så ulike born i heimlandet mitt..Wow…dei dansar og smiler heile tida. Dei er veldig glade. Det er veldig, veldig ulikt mitt heimland. Eg jobba når eg var barn». Eg vart rørt. Måtte bruke ei stund på å hente meg inn igjen. Vi kan informere og fortelje, men det er ingenting som lærer folk frå andre land meir om den norske kulturen og tradisjonen enn deltaking. Det har vi tydleg fått sett etter desse førestillingane.

Vi ved mottaket er heldige som har eit lokalsamfunn som står opp for ungdomane våre! I ein kvardag som er prega av venting, er det godt med avbrekk og ein smak av det «verkelege» livet i Noreg. Denne månaden avsluttar mange lag og organisasjonar sin aktivitet for somaren, dette gjer at det er avslutningar som står for dør.

Når vi reiste heim, stoppa vi på ein badeplass for å nyte sola før den gjekk ned. Ungdommane hoppa ut av bilen og sprang  til stranda. Dei spruta vatn, kasta stein og tøysa, fann skjell, tare og andre ting som låg på stranda. Eg sjølv kunne nyte synet av ungdommar som var nøgde med dagen. Dei var takksame for at dei hadde fått vere med på denne opplevinga, eg var takksam for at eg kunne få sjå den enorme gleda dei viste denne dagen. Både fordi dei fekk vere ein del av noko større saman med alle ungdommane frå ballettskulen, men også fordi dei kunne sleppe alle bekymringane som tek opp kvardagen når dei sit i ro.

Tusen takk til Ørsta og Volda ballettskule som delte sitt hjarte for dans med oss!

%c3%98rsta 1   %c3%98rsta 8

%c3%98rsta 9




 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK