Internasjonal dag på Ulsteinvik barneskule

Internasjonal dag på Ulsteinvik barneskule

Foreldra fekk låne skulekjøkkenet til å lage i stand og varme opp all den gode maten, og dei pynta og ordna til 3 matstasjonar i fellesarealet på skulen. Der fekk alle smake på mat frå seks ulike land, Afghanistan, Iran, Palestina, Irak, Kirgisistan og Somalia. Elevane var nyfikne og forsynte seg av all den spennande maten, og dei kunne også sjå på foto, bilde og flagg frå dei ulike landa. Barna frå Søre Sunnmøre mottak syntest det var kjekt å få presentere litt av sin bakgrunn og mattradisjon, og at maten vart sett pris på var ekstra kjekt.

I storefri fekk foreldra frå mottaket ete resten av maten sin i lag med lærarane på lærarrommet. Og alle elevane gjekk ut på skuleplassen og song og dansa Bli med-dansen samtidig med alle andre barneskular i heile Noreg. Ei fin avslutning på eit flott opplegg som har blitt ein tradisjon her i bygdebyen.

internasjonal dag
 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK