Internasjonalt kor på Søre Sunnmøre mottak

Internasjonalt kor på Søre Sunnmøre mottak

I dag var ein stor dag for Ulstein kommune. Offisiell opning av eit fleiretatleg bygg, der også norskundervisninga på mottaket held til, gjekk av stabelen med "fint folk" tilstades. Både ordførar, varaordførar og rådmann var der og kasta glans over opningsfesten. Men vi på Søre Sunnmøre mottak synest no likevel at det internasjonale koret frå norskopplæringa med VELDIG MANGE av våre bebuarar representert var dei som kasta mest glans i salen. Dei fekk æra av å starte heile festen. Etter berre ei øving i går så hadde dei inne både Blåmann, Blåmann bukken min og Rock'n Roll, og dei var verkeleg flinke. Folk i salen likte det dei høyrde og ga dei trampeklapp etter opptredenen.

Neste gong vi skal opptre er på Kulturhuset i Ulsteinvik under TV-aksjonen for Flyktningehjelpa 24. oktober. Fram til då skal vi ha øvd inn eit par meir voksne, norske songar som kan passe til temaet. Då skal vi ha med oss fullt band. Det blir gøy.

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK