Kvinnegruppa til fjells på Runde for å kikke

Kvinnegruppa til fjells på Runde for å kikke

Klokka 18.00 ein vakker junitorsdag møtte 12 spreke damer frå Søre Sunn-møre mottak opp for å bestige fuglefjell på Runde.

Vi fylte minibussen og køyrde avstad med munter stemning i bussen. Ei av kvinnene hadde bursdag, og det låg i lufta ei feiring med medbrakt mat i Lunde-ura der vi skulle få kikke på Lundefuglane. Vi hadde bestilt fuglane til å kome heim frå havet litt over halv ni, og det gjorde dei faktisk!

I lag med mange turistar med kameralinser så lange som riveskaft, sto vi stille og såg på dei søte, morsomme Lundefuglane som såg ut til å vere vande med å posere for fotografen. Og alle fekk tatt fine foto av dei.

Etter mykje mat og lærerik prat på toppen av Runde, gjekk ein spretten og livleg gjeng ned att, og på vegen vart det tid til motbakkeløp-konkurranse som tidlegare hekkenoregsmeister Iselin sjølvsagt vann! Gruppebilete i ulike variantar fekk vi også tatt.

Vel heime på mottaket fekk sjåfør og arrangør mange og glade " Tusen takk for kjempefin tur!" frå dei som var med. Som ei av dei sa det: "Aleine på tur, uten mann og barn, føler eg meg som 18 år igjen! Og alle seier Hei! på fjellet!"

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK