Kvinneinvasjon på golfbana på Søre Sunnmøre

Kvinneinvasjon på golfbana på Søre Sunnmøre

Av og til gjer vi ting i kvinnegruppa på Søre Sunnmøre mottak som vi ikkje er sikre på vil slå an. Som t.d. å skrive at vi skal på Golfbana og slå golfballar.

Fem minutt før avreisetid var 4 kvinner komne,- ja,ja, betre enn ingen, tenkte vi. Men kl. 18.00 køyrde vi jammen meg avstad med 12 kvinner som ville vere med og slå...

På Rangen var det 3 menn som sto og øvde, og dei vart nok litt overrumpla då det kom ein gjeng med svært lystige og lærevillige damer, - fleire av dei med håret tildekt og lang kjole på. Hadde golf-moten forandra seg, tenkte dei kanskje.

Fleire av kvinnene hadde god ballteft og godt grep om golfkøllene, og etter instruksjon og nokre konkurransar om kven som slo lengst med jernkølle og driver, gjekk vi bort til putte-øvingsbana og trente på å få ballane i holet. Der var det også mange treffsikre damer, og ingen av dei hadde prøvd golf før. Kjekt.

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK