Monkeybusiness i Jungelløypa

Monkeybusiness i Jungelløypa

Ein vakker junidag i den fyrste aktivitetsveka til Søre Sunnmøre mottak reiste ein liten gjeng med jenter til Jungelløypa i Volda. (Gutane på Søre Sunnmøre mottak ville vere med på Fotballskule denne veka, og var opptatt med det. ) Jungelløypa ligg midt i Høgskuleområdet i Volda, og var kjekk å turne og klatre i. Vi hadde nokre konkurransar med premiar til raskaste jente, den som kom gjennom løypa nærmast idealtid, - og til dei som berre trengte ein premie. Vi spela litt fotball på ei bane i nærleiken og kasta" frisbi". Etter ei plutseleg uttransportering i går, var det også behov for å snakke litt om den hendinga, og tårer trilla nedover enkelte kinn. Men så er det ikkje alltid langt mellom regn til sol, og til slutt grilla vi pølser og drakk brus og prata mest om gutar (les: kjærestar) og kosa oss.

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK