Når alt går galt, men endar godt på Søre Sunnmøre

Når alt går galt, men endar godt på Søre Sunnmøre

Så regna det trollkjerringar slik at kvinnegruppa sin plan om å dra til fugleøya Runde hang i ein tynn tråd. I tillegg streika plutseleg mottaksbilen som vi skulle bruke på turen, så den måtte på verkstad. Og på toppen av alt var ein tilsett sjuk som skulle vere med og køyre sin bil. Men vi er ikkje tapt bak ei vogn.

Då kvinnegruppa starta, kom damene som hadde meldt seg på, og vi forklarte situasjonen. Så inviterte vi dei med på tur i den lokale naturen, opp på eit utkikkspunkt der vi såg utover minibyen Ulsteinvik og ned på mottaksbustadane. Etter 1,5 timers tur gjekk vi tilbake til info-senteret og laga sunn, grøn jus med spinat, ingefær, pære, og mykje meir godt. I tillegg steikte vi usunne sveler og kosa oss med is til. Til slutt tok vi to runder med bingo, og ei kvinne frå Afghanistan utan skulebakgrunn vann heile fire gonger, og gjekk heim med ein pose full av nyttige premiar. Så  då var alle fornøgde likevel til slutt.

osberget   osberget med juice

 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK