Når det meste ikkje går som tenkt...

Når det meste ikkje går som tenkt...

Delmåla var å få køyre Kvivsvegen, sjå vakker vestlandsnatur, stoppe i Grodås (der målmannen Frode kjem frå) og ha piknik ved Hornindalsvatnet. Alle hadde fått beskjed om å ta med litt mat og drikke til seg sjølve.

Første utfordring var å få med seg ein ekstra sjåfør frå kontoret. Til vanleg er det alltid nokon som kan stille av dei kvinnelege kollegaene, men denne gongen hadde alle gyldig grunn for ikkje å bli med. Fordi dette var på sjølve valdagen, måndag 09.september, skulle for eksempel sjefen sitje i vallokalet. Andre skulle pakke eller hadde ikkje barnevakt og ei har ikkje ”lappen” endå. Så kva gjorde vi?
Jau, vaktmeisteren har langt hår, så han hadde eit slags alibi for å kunne køyre, sjølv om det var kvinnegruppe. Og det ville han, heldigvis!
Første del av utflukta gjekk fint, å køyre frå Ulsteinvik på Kvivsvegen til Grodås. Damene såg ut bilvindauga og kommenterte kor fint dei syntest det var innover fjorden. I Grodås kjøpte vi ein is til kvar, og så var det tid for piknik. Men, den gong ei. Nesten ingen hadde med seg mat og drikke, og pikniken vart ganske amputert. Planen var å stoppe på ei lita, sjarmerande halvøy langs Hornindalsvatnet, men utan mat tok vi derfor berre nokre foto for å bevise at vi hadde vore der, og åt opp isane. Dei fleste var mest ivrige på å komme seg i bassenget, uansett.

Vel framme i Stryn var det framleis 30 minutt igjen til vaksenbadinga skulle opne. ”Men ta dåkke ein tur i sentrum og gå i butikkar”, sa ei optimistisk Einfrid, som ikkje tenkte over at alt var stengt etter kl. 19.00. I staden vart det litt fotografering av damer poserande på den rosa Moods of Norway-traktoren i hovudgata.

Klokka 19.55 sto 15 badeklare damer i Stryn Kulturhus og venta på at den ansvarlege for turen skulle få kjøpt billettar til bassenget. Men den unge jenta i resepsjonen kunne fortelje at det ikkje var offentleg bading på måndagskveldane. Men det var ikkje Einfrid einig i. Vi hadde sjekka på nettsida deira ei veke før, og der sto svart på kvitt at måndag frå 20.00-21.00 var det vaksenbading, og det var derfor vi hadde lagt ut på tur på sjølvaste valdagen.

Vaktmeister i bygget kunne då fortelje at vaksenbadinga nettopp hadde blitt flytta frå måndagar til torsdagar. Max uflaks! No var gode råd dyre. I forsøk på å redde kvelden og utflukta spurte eg om hotellbassenget på Alexandra i Loen var ope - noko det ikkje var. Men bowlinga kan vi gå på, meinte Einfrid. Nei, den var nedlagt. Kinoen då - gjekk det ein film i kveld? Nei, ingen kino på ein måndag. Til slutt bestemte vi oss for å gå på Napoli i Stryn og ete pizza. Vi hadde ikkje reist så langt for å gjere ingenting!  Etter kvart som vi fekk i oss litt mat og drikke, steig stemninga til det betre. Og til slutt vart vi einige om at det vart ein kjekk tur, åkke som! Og bade får vi gjere ein annan gong… (ps. Vaktmeister er no akseptert som fullverdig kvinnegruppemedlem… så lenge han har langt hår! Ds.)

kvinnetur
 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK