Naturen sine eigne ressursar

Naturen sine eigne ressursar

Vi er heldige her vi bur, mellom fjord og fjell. Naturen deler ut av sine goder, og bebuarane har forstått at vi kan nytte oss av dei ressursane som fins der. 

I butikken er fisk dyrt for dei som ikkje har meir enn dei treng av pengar. Til dei ansatte sin frustrasjon vart det lite fisk og omega3 inn i kroppen på bebuarane. Heilt til den dagen vi gjekk til innkjøp av fiskestenger. Bebuarane kunne stå på kaia i timesvis utan at dei viste teikn til å vere leie. Og når kan få seks fisk på kvart kast, så er det vel enkelt å forstå at motivasjonen var på topp.

Nokre dagar var posen tom, men fleire dagar har dei kome heim med fulle posar! Ein dag var det ein søppelsekk full – kan tru det vart fest og fellesmåltid!! Ingenting er betre enn når bebuarane sjølve kan skaffe seg mat, sjå at dei kan gjere noko for å klare seg sjølve, kjenne at dei meistrar nye ting og kan dele av si overflod med dei andre. Dei er takksame for at dei kan få gjere dette, vere sjølvstendige og sjølvhjelpte. I tillegg veit vi som jobbar her at dei får i seg mange gode næringsstoff.

 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK