OLinkiaden 2011 på Søre Sunnmøre

OLinkiaden 2011 på Søre Sunnmøre

Den store OLinkiaden gjekk av stabelen i fint vêr på Høddvoll stadion. Kontoret vart stengt slik at både mottaksleiar og Link-bossen fekk vere med. Informasjonen var om helse, både fysisk og psykisk. Ingenting er betre enn å formidle det i praksis. Alle informsjonsdeltakarane hadde på førehand fått melde seg på minst 2 friidrettsøvelsar, og dei kunne velge mellom høgde, lengde, kulestøt, 60.m. hekk, 100.meter, 800.meter og stafett. I utgangs-punktet var det litt klaging på at det var obligatrorisk, men då dei først var i gang, fekk alle verkeleg blod på tann. Alle ville vere med på alt, og vi konkurrerte og hadde mykje latter og moro. Mange hadde ikkje prøvd enkelte øvelsar før, men det hindra ikkje full innsats. Halstein hadde utfordra ein tilsett på 800 meter, men p.g.a. skade måtte Iselin, altså den tilsette, gje seg på heile utfordringa. Hamstring og isjas er ikkje å spøke med. Selim vann alle øvelsane i herreklassen, mens i dameklassen vart det litt meir fordelt. Halstein vann 800 meter med klar margin i si lekre Cuba-drakt. På sidelinja var det svelesteiking og mange hadde ikkje smakt svele før. Dei fall i smak, og MRF-sveleoppskrifta er no på veg til både Iran og Kongo. Kyllingpølser var også på menyen, og etter god innsats, smakte det med litt næring. Så at både fysikken og psyken fekk seg eit løft på fredag, det vil eg tru. Neste år skal Volda også vere med.

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK