Open dag

Open dag

Mange ting skulle ordnast, golv vaskast, bord settast opp og pyntast. Frå torsdag ettermiddag var bebuarane i full sving med organisering og matlaging. Fredag etter skule fortsette dei. For ein iver!

Når laurdagen kom var ungdomane spent. Nokre var meir nervøse enn andre, og vi oppdaga at det var ganske høge krav for korleis ting skulle sjå ut. Ingen ville at dei som kom på besøk skulle få eit dårleg inntrykk av huset og dei som bur her. Gutane tok på seg forkle, og nokre hadde til og med fult kokkeutstyr som dei hadde teke med frå vidaregåande. Plakatar vart hengt opp og musikken sett på. Så vart kl. 12.00 og dørene opna!

14658428 10154404594381928 1869776657 n   dansing

Sjeldan har vi sett bebuarane så gira og opptekne. Alle deltok og hadde ansvar for sine ting. Samarbeidet var på topp og vi som ansatte kunne berre kose oss og nyte dagen – bebuarane hadde full kontroll. Vi vart imponerte over innsatsen, og alt engasjementet ungdomane la ned i denne dagen. Når kvelden kom sette dei seg ned på stolar, i sofa, på benkar og golv. Der vart dei sittande. Heilt tappa for energi etter fleire dagar med førebuing og planlegging. For ein dag!

mat open dag

Tusen takk til alle venane våre som kom innom på besøk! Etter ein så vellykka open dag, kan vi heilt klart ha fleire. Ungdomane set pris på besøk, og det fekk dei jammen meg denne dagen! Totalt var det mellom 50 og 60 personar innom mottaket denne dagen.

Volda asylmottak EM har blitt eitt år. Vi har lært mykje, erfart mykje, vore sinte, glade, triste, ivrige og alt anna. Men mest av alt er vi takksame. Takksame for dei herlege og flinke ungdomane som bur her med oss, og takksame for at vi har ei flott gruppe ansatte som gjer dagen lettare å handtere. Samhald er nøkkelen her med oss.

 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK