På tur i det grøne på Søre Sunnmøre

På tur i det grøne på Søre Sunnmøre

Ein vakker onsdag ettermiddag drog rundt 100 bebuarar, store som små, til eit lite paradis ved Snipsøyr-vatnet på Hareidlandet. Mottaket stilte med stor tønnegrill, kalkunpølser og brus, men mange hadde sjølvsagt tatt med sin eigen, og mykje meir spanande mat som dei kosa seg med.

Barna leika med fryd i vasskanten, tok av seg på beina og vart herleg våte. Andre sprang rundt mellom trea og jakta på kvarandre.

Etter ei stund tok vi fram det obligatoriske tauet og hadde tautrekking til alle si store begeistring. Konkurranseånda var stor, og mange fekk brukt kreftene sine til latter frå andre. Også andre leikar fekk fram smilet.

For oss i personalet var det kjekt å kjenne på den gode, avslappa atmos-færen som oppsto i skogen mellom bebuarane. Vi såg konstelasjonar som vi ikkje ser til vanleg, og folk tok seg av kvarandre sine barn og delte mat og drikke med kvarandre.

Og alt vart grundig dokumentert gjennom filmkamera, fotoapparat og mobiltelefon. Om ein ikkje visste betre kunne ein tru det var ein BIG HAPPY FAMILY uten eit problem i verda som var på tur. Men så vel er det jo ikkje, diverre. Uansett er det fint å få til nokre slike oaser av gode opplevingar i ein ellers usikker og til tider vanskeleg kvardag for bebuarane våre.

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK