Piknik på fugleøya Runde

Piknik på fugleøya Runde

Veret slo til med sol frå blå himmel, og folk hadde kledd seg i alle slags variantar for ein fjelltur. Heldigvis hadde i alle fall alle gode sko p�� seg. Ein familie hadde med barnevogn til minstemann, og ein annen trillebag til all maten dei skulle kose seg med. Vel framme på Runde gjekk vi i lang, lang rekke oppover den første, bratte kneika ( som er asfaltert!) og det var eit flott skue å sjå folk av alle slags nasjonalitetar gå i lag mot eit felles mål. Oppe på toppen av øya delte rekka seg opp i mindre grupper, og dei med dei minste barna sette seg i graset i ly for vinden og hadde piknik i det grønne med nydeleg utsikt mot Ålesund og Flø. Dei fleste andre kom seg over til andre sida av øya der lundefuglane kjem flygande inn frå havet i halv ni-tida om kvelden, og der var vi i selskap med mange andre turistar med laaaange linser på sine kamera. Alle fekk sjansen til å sjå både havørn og lundefugl, og alle blei grundig fotograferte (både folk og fuglar). Vel tilbake, i 23-tida på kvelden, var det ein trøtt og fornøgd gjeng som gjekk av bussen og takka for ei kjekk og ny oppleving.

runde2013-2 runde2013-3




 

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK