Sjølvtillitskurs for menn

Sjølvtillitskurs for menn

På Søre Sunnmøre mottak har afghanske menn fått høve til å gå på sjølvtillitskurs. Som ein ser av namnet, dreier dette kurset seg om sjølvtillit, kva det er og korleis ein kan bygge den opp og gjere den sterkare. Fokus er like mykje på kommunikasjon som på konfliktforebygging.

I utgangspunktet var kurset berre tenkt som eit tilbod for kvinner, men etter at første gruppe med kvinner hadde vore med på sjølvtillitskurs, hadde dei eit sterkt ønskje om at også mennene deira fekk gå på dette kurset. Og slik vart det.

Så på dette kurset for menn var det også stort engasjement, mykje diskusjon og dialog. Samtlege ga uttrykk for at kurset var nyttig og lærerikt og at dei allereie har begynt å ta i bruk positive og konstruktive kommunikasjons-metodar overfor andre bebuarar og dermed unngått konflikt. Det er jo også ein god måte å bli kjend med bebuarane og få fleire vener.

Så det er ingen tvil om at det er behov for å møtast som gruppe og snakke om desse emna, og også om andre ting. Og dei afghanske mennene meinte heilt klart at vi bør ha dette kurset for alle språkgruppene på mottaket.

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK