Smakfull oppleving på Søre Sunnmøre

Smakfull oppleving på Søre Sunnmøre

Lokalavisa Vikebladet har laga denne reportasjen om Søre Sunnmøre mottak:

Fredag fekk elevane ved Ulsteinvik barneskule ei smakfull oppleving under miljøveka på skulen.

Joar Drønnesund
joar.dronnesund@vikebladet.no

- I dag har borna fått smake på mat frå blant anna Afghanistan, Russland, Tjetjenia, Kirgisistan og Iran. Folk frå søre Sunnmøre mottak har gjort ein fantastisk innsats og laga eksotisk mat til elevane i skulen. Det er føresette som har born her, og elles andre frivillige som har laga til maten. Det er berre heilt fantastisk, fortel Iselin Aske frå LINK Søre Sunnmøre mottak i Ulsteinvik.

Aske var til stades ved Ulsteinvik barneskule fredag. Ho fortel at dei tidlegare har levert mat til barnehagar, men at dei no ville gje eit liknande tilbod til skulen, sidan mange av borna som bur på mottaket går her.

- Dette gjer mottaket meir integrert i skulen. Samstundes som elevane frå vårt heimland vert meir kjend med maten og tradisjonane til borna som bur på mottaket, fortel Aske. Skuleinspektør Kjell Lunde er samd i utsegna til Aske, og fortel til lokalavisa at det er stas å få til noko slikt ved skulen.

- Eg er imponert over innsatsen til våre nye landsmenn. Det er ei skikkeleg anerkjenning, fortel inspektøren. Vegard Sæter Gurskevik som er rektor ved skulen, fortel at miljøveka er ei satsing på betre klasse- og skulemiljø.

- Målsetjinga er at elevane skal knyte sterkare band til kvarandre, og samstundes auke trivselen forkvar og ein. Og auka trivsel blant dei 454 elevane ved skulen er noko vi jobbar med å forbetre heile året, garanterer Sæter Gurskevik. Karen Strand Sætre som jobbar som lærar ved skulen, fortel at miljøveka er eit prosjekt kor elevane får jobbe på tvers av klassetrinna.

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK