Snøbrettkonge

Når snøen først lavar ned på Sunnmøre må vi sjølvsagt bruke den. 20 barn og ungdomar og ei gammal dame tok turen frå Søre Sunnmøre mottak til Reset alpinbakke i Volda for å teste ut puddersnø og balanseevne

For dei fleste var det første gong med plank på beina, men likevel fekk ikkje dei 5 skiinstruktørane vi hadde med oss (elevar lånt frå Sunnmøre Folkehøg-skule) så mykje å gjere.

Ein gut på 12 år lærte seg å stå på snowboard heilt alene - han skulle IKKJE ha hjelp eller instruksjon. Og det utrulege er at han fann ut kunsten veldig fort, og kosa seg skikkeleg i bakken. Også dei andre gjorde rask framgang, og alle sa at det kjempekjekt å renne på ski eller snøbrett. Og dei gler seg veldig til tysdag, for då skal vi avstad igjen.

Det var merkverdig stille i bussen heim att. Alle var utslitt etter tre timar i aktivitet, så alle sov...

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK