Sorg og glede på Vestnes mottak

Sorg og glede på Vestnes mottak

Det var klart for den årlege fotballcupen for mottaka i Møre og Romsdal, og beboarane var meir enn litt engasjerte. 50 beboarar møtte opp på treninga første dagen, som skulle ende opp med 20 spelarar og to lag. Beboarane hadde kustus på det meste, frå trenar-ansvar til laguttak. Mottaksleiar fekk gleden av å stå på sidelinja å sjå på mini-variantar av temperamentet til Ballotelli, hurtigheita til Drogba og finessene til Neymar.

Som romsdalingar flest har vi sjølvsagt sjølvtilliten på plass, og vi gjekk tidleg ut og  annonserte at vi skulle halde seieren på Vestnes. Dette til trass for at vi hadde hatt heile fire organiserte treningar før cupen. Men, tru kan som kanskje kjent er, flytte fjell, og både Insha'Allah og Guds vilje ble tilkalt i håp om at det skulle gå vår vei.

På same tid som planleggjinga til vår årvisse cup skjedde det dramatiske hendingar i verdssamfunnet. Ein flyktningebåt mellom Eritrea og Italia gjekk ned, og fleire hundre menneske hadde omkomme. Telefonar vart tatt til den italienske kystvakta, media og ulike eritreiske miljø i Noreg. Vår frykt hadde vore berettiga, nokon av våre «174» hadde mista sine nære i denne tragedia.

Fotballtreningane vart med eitt ikkje so viktige, og ein fekk igjen ei påminning om at livet er både sårbart og dyrebart. Midtbanespelaren vår tok pause frå treninga for å kunne vere ein god ven, og mottaksansatte fekk verkeleg sjå kor omtenksome mange av våre beboarar er. Dei tok vare på sine vener på ein framifrå måte, og hjelpte til med alt av praktiske ting dei næraste dagane.

Fotballcupen nærma seg med stormskritt, og vips var dagen her. Vi kunne telje 120 deltakarar, som til tross for været gjorde ein fantastisk innsats. Somaliske menn sto spennklar klokka sju om morgonen for å rigge telt, og driftige damer diska opp med de herligste retter til kiosken. Innleigde dommarar tok stort ansvar, og det heile endte med at Vestnes GRUSA Søre-Sunnmøre 4-1 i finalen. Mottaksleiar Tomren var meir enn fornøgd med resultatet, og gledesbrøl kunne sikkert høyrast heilt ut til ytste Rekdal om ein gjekk inn for det.

Vinnarlaget bestemte seg for å feire seieren på mottaket, med pizzafest for alle mann. Vår angrepsspelar viste seg og også vere ein habil pizzabakar, og laurdag kunne han skilte med å ha stekt 40 pizzaer til festen. Ein ekstra takk til det lokale næringslivet som igjen støtta oss med både utstyr, pølser, potetgull og sjokolade. Dagen hadde ikkje vorte den same utan dykk.

turnering2   turnering4
 
 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK