Studentar med rapport frå Søre Sunnmøre mottak

Studentar med rapport frå Søre Sunnmøre mottak

Søre Sunnmøre mottak har i 14 veker hatt besøk av to sosionom studentar frå høgskulen i Volda, og her er deira forteljing frå praksisperioda på mottaket:

Den 12. september starta praksistida vår, men på førehand hadde vi ikkje so mykje innsikt i kva som skjer på eit asylmottak, sidan ingen av oss har erfaring frå dette området frå før - so vi stilte med blanke ark og opne sinn. No i dag kan vi seie at vi har ei god forståing i saksgangen i asylprosessen samt kvardagslege gjeremål som ein møter i eit mottak.

Til å byrje med, observerte vi litt, men fann raskt ut at det var berre å kaste seg ut i det, som i prinsippet «learning by doing». Eit eksempel er dialog-basert foreldrekurs: første veka fekk vi vere med og observere, og etter kvart skulle vi vere med på å halde den. Sjølvsagt var vi nervøse, men det viste seg å gå ganske lett berre ein tok det med ro - det var visst mest eins eigne nervar det sto på! Det vart brukt tolk under desse kursa, og vi ser på det som ei svært nyttig erfaring å få bruke tolk, sidan det er noko det er ein stor sjanse for at vi kjem til å måtte gjere fleire gongar i løpet av vår karriere som sosialarbeidarar.

Etter kvart fekk vi ansvaret for å halde ungdomsinformasjonen denne hausten. Her skulle vi planlegge, skaffe eksterne førelesarar og kalle inn dei aktuelle ungdommane til informasjon. Vi satt lenge og planla denne informa-sjonen saman, og vart einige om at vi ville gjere informasjonen litt meir spennande for ungdommane. Det vi kom fram til var at vi ville engasjere og aktivisere dei ved å ha eit filmprosjekt saman med dei gjennom heile ungdoms-informasjonen. Dette gjekk ut på dei fekk utlevert eit kamera der dei fekk i oppdrag å filme sitt ungdomsliv. Vi hadde møter kvar tysdag der vi gjekk gjennom informasjonsprogrammet, og vinkla det opp til mulige situasjonar ungdommane kunne filme. Eksempel på dette kunne vere tema som ungdoms-liv og familieliv eller det å vere ein ungdom i eit asylmottak. Vi fekk god respons på dette prosjektet frå ungdommane, og vi såg at dei la mykje tid og energi i filminga. På siste møtet hadde vi «premiere» på filmen, etter ei lang tid med redigering. Ungdommane var svært nøgde med filmen, og mottaket fekk løyve til å bruke denne ved seinare anledningar.

Vi har lært mykje her, som t.d. korleis teori er i praksis. Vi har fått ei langt større forståing for det faglege og betydninga av å forstå det og å kunne bruke det. Og ikkje minst det medmenneskelege ved jobben. På eit asyl-mottak møter vi menneske som er i ein vanskeleg situasjon og som har ei høgst uviss framtid, og måten vi møter desse menneska på, er av stor betydning. Vi er takknemlege for den sjansen vi har fått her, og alt vi har fått lært og prøvd.

Vi vil nytte høvet til å rette ei stor takk til Søre Sunnmøre Mottak for ei spennande og lærerik praksisperiode - Vi har blitt tatt så godt imot og de har alle behandla oss som tilsette her på mottaket. Det sett vi veldig stor pris på, og vi trur dette har spelt ei stor rolle i vårt læringsutbytte. Vi har fått høvet til å vere med på alt av aktivitetar og situasjonar som har dukka opp, og vi vil spesielt takke Iselin for god vegleiing og rådgiving gjennom heile praksis-opphaldet. Vi har lært utrulig mykje av deg! Lykke til vidare i arbeidet her på mottaket, og vi sjåast igjen...

Ei stor takk frå Sigrid-Anette Vatne og Malene Sunde

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK