Suksess for ungdomsklubb på Hol

Suksess for ungdomsklubb på Hol

Avisa Hallingdølen skriver dette om ungdomsklubben på EMA mottaket på Hol:

"Eit førtitals ungdommar fyller lokala innanfor døra på Hol statlege mottak. Høgtalarane spelar rytmar frå heile verda, og bordtennisballar flyg i lufta. Det er gjenopning av ungdomskafeen i Hol. Ideen om å flytte ungdomskafeen, som vart starta på Helling Kafé i fjor, dukka fyrst opp i vår. - Lokalet der var i utgangspunktet litt lite, og mange av ungdommane hadde ei positiv oppleving då me hadde avslutninga i vår på mottaket, fortel Astri Haraldseid, leiar i Hol Bygdekvinnelag.

Kritiske røyster
Sjølv om dei fleste har vore positive, har det ikkje berre vore velvilje i sam-band med det nye integreringstiltaket. - Me er klar over at nokre har vore kritiske til å flytte ungdomskafeen hit. Difor inviterte me til foreldremøte i forkant av opninga. Me har òg invitert foreldre til informasjon og omvising her i samband med opninga. Dei som har vore kritiske, har vorte tatt på alvor, seier Haraldseid.

Nærare
Likevel var det berre positive tilbakemeldingar å få frå dei som var innom lokala til mottaket fredag, og fleire foreldra hadde meldt seg på frivilliglista som vakter. - Vonleg kan det bidra til å minske avstanden mellom bygdefolk og bebuarane på mottaket, og gjere det enklare å forstå kvarandre, håpar ho.

Prøveprosjekt
Den noko annleis ungdomsklubben er i fyrste omgang eit prøveprosjekt fram til jul. Fredagstilbodet er i regi av Hol Bygdekvinnelag, fritidsklubbane i Hol, Hol statlege mottak og foreldre og elevar ved Holet skule og Hol ungdoms-skole. Også leiar for mottaket, Hugo Limkjær er positiv. Han skildrar initiativet som eitt av dei beste integreringstiltaka i kommunen. Fleire av ungdommane Hallingdølen trefte fredag, ytra òg ynskje om at tilbodet skulle bli verande.

Beste klubben
- Dette er den beste klubben me har vore på, seier Håkon Medhus Fornes og Troy Johnny. Dei sit inne på film- og playstationrommet der ei blanda ungdomsgruppe ser ein komedie på storskjerm. Dei unge holingane angrar ikkje på at dei tok turen. - Me har ikkje prata så mykje med dei frå mottaket, men me helsar på kvarandre og spelar pingpong i lag, seier gutane. - Det er lettare å bli kjent her enn andre stader, meiner dei.

Positivt
Håkon og Troy får støtte frå gutane på mottaket, som er nøgd med det nye fredagstilbodet. - Det er utruleg bra at ungdomskafeen har flytta hit, meiner Hamidi og Ibrahimi. Dei to syttenåringane er båe frå Afghanistan og har budd i Hol i overkant av eitt år. - Nordmenn kan vere litt kalde og vanskeleg å bli kjende med. Men det er enklare å lære norsk og forstå korleis nordmenn er når dei kjem hit og me kan gjere forskjellige ting i lag, seier dei to gutane."

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK