Surprise party på Søre Sunnmøre

Surprise party på Søre Sunnmøre

Det blir unekteleg litt rart og trist for oss, men sjølvsagt er det fantastisk for dei å endeleg få kome i gang med eit vanleg liv i Noreg. Bebuarane rundt henne på vårt desentraliserte mottak ville så gjerne lage til ein slags overraskingsfest for henne som takk for all hjelp, støtte og inspirasjon som ho hadde vore for dei. Og dei ansatte på mottaket ville heilt klart vere med på denne feiringa. Men ho måtte ikkje få vite at festen var for henne. Så vi kalla inn til ein ”foreldre- og barn-fest”, og ba alle om å ta med seg litt mat eller kaker. Som vanleg stilte O. med sine deilige svane-vannbakkels fylt med vaniljekrem, og kom uvitande om kva som venta henne.

Då dei fleste var komne, tok ei av naboane hennar ordet og ville seie noko frå scena i lokalet. Og ho heldt ein tale om ei kvinne som hadde levd under tøffe forhold og hardt press i mange år, men som likevel klarte å halde motet oppe, såg andre og var eit menneske med eit stort hjarte. Vidare sa ho at denne kvinna var blitt eit godt føredøme for alle kvinnene på mottaket, og ønskte henne lykke til med framtida. Så vart O. bedd om å kome opp på scena. Reaksjonen hennar var rein glede og overrasking. Der fekk ho eit banner der det sto Miss Vollane og eit stort, kvitt hjarte med signatur av alle som var på festen og ønskte å takke henne. Det var ikkje fritt for at det rann nokre tårer, hjå fleire enn ein. Mottaksleiar heldt også ein liten tale frå alle på kontoret, og igjen vart auger fuktige. Etterpå vart det underhaldning med dans og song, og små og store kosa seg til langt over leggetid (norsk tid).

surprise2
 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK