Utfordringar og meistring

Utfordringar og meistring

Vi har hatt samarbeid med mange lag og organisasjonar, noko som har gitt oss ein fullstappa aktivitetsplan for heile sommaren. Kjekt :)

Den til no største og beste opplevinga var dagen i Goparken på Leikongeidet. Goparken hadde fått midlar frå UDI, noko som gjorde at vi ved Volda mottak EMA kunne nyte ein heil dag på gocart-bana. Vi fekk varm lunsj, kjeks, kaffe, te og brus. I tillegg til at vi kunne sjå på ungdomar som strålte av glede og ELSKA kvart eit minutt på bana.

Sidan vi fekk vere ein heil dag i Goparken, så fekk alle prøve fleire runder. Vi som ansatte fekk sjå på ungdomane og den store utviklinga dei gjorde frå start til slutt denne dagen. Jenter og gutar, modige og meir forsiktige ungdomar side om side. Frå stille og forsiktige, til kjappe og modige. Foten vart hardare og hardare på gassen med både gutane og jentene, nokon som også resulterte i nokre gode latterkuler frå publikum – sjølvsagt fekk vi vere vitne til nokre snurrar og kollisjonar.

Ein er alltid spent når ein tek med 30-40 ungdomar på tur. Går det bra? Vil humøret halde heile dagen? Vil dei like det dei skal vere med på?

Denne dagen var TOPP for både ungdomar og ansatte. Vi fekk oppleve noko veldig godt saman, noko som også styrkar relasjonane oss i mellom. Felles haldepunkt i kvardagen er viktig for både ungdomar og ansatte. Vi vil rette ei STOR TAKK til Goparken og alle som var på jobb der denne dagen! Takk for at ungdomane vart møtt med respekt og klare grenser. Takk for ein minnerik dag med masse gode vibbar! Takk for at de alle er dei de er, og at vi ved mottaket kunne få nyte ein slik dag med så mange herlege augneblink og gode minner! Takk for at ungdomane fekk oppleve ein slik dag med store utfordringar, og oppleving av meistring.

Denne dagen vil vi hugse, og ungdomane håper dei får kome tilbake så snart det let seg gjere :)

1   2


 

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK