Velvære for kvinnegruppa på Søre Sunnmøre

Velvære for kvinnegruppa på Søre Sunnmøre

Økonomiansvarleg på Søre Sunnmøre mottak driv med hud og sminkeprodukt på fritida, og då dryp det litt på oss andre også. Den siste samlinga i kvinne-gruppa vart ein suksess! 16 kvinner kom og ville lære litt om gode hand- og ansiktskremar, og dei fekk også prøve litt sminke og parfymer. Det såg ut til at dei likte å stelle litt med seg sjølv, for ein gongs skuld.

Vi får vere på Frivilligsentralen, og dei har eit koseleg opphaldsrom med eit innhaldsrikt kjøkken. Så mens Elin og Zarema leda kvelden med mykje kropps-språk og mimikk, så var Einfrid og Jivita på kjøkenet og steikte sveler og serverte kaffi og te.

Responsen frå damene var god, og vi vil fortsetje litt i samme gate. Neste gong blir det sminkekurs og hårstyling med påfølgande fotoshoots...

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK