Vennefest på Søre Sunnmøre

Vennefest på Søre Sunnmøre

Vi vidaresendte invitasjonane til alle i rett aldersgruppe på mottaket, og foreldre og søsken var også velkomne. Laurdagen kom, og klokka 4 begynte festen i gymsalen på Kompetansesenteret. Barn frå skulekorpset sto i døra og ønskte velkommen, og alle var utkledd i morosame kostymer. Dei av våre barn som ikkje hadde kledd seg ut, fekk velje i eit hav av alle mogelege kostymer som skulekorpset hadde med. Etter kvart som dei fleste hadde kome frå mottaket, så blei det underhalding frå scena. Nokre korpsbarn viste tryllekunstar og tok fram barn frå mottaket til kunstane sine. Så var det song og dans. Bli med-dansen har blitt ein farsott over heile landet, så også her. Store og små heiv seg ut i dansen og prøvde å lære seg rørslene. Det var laga til langbord, og vi vart servert nydelege rundstykke, vaflar, sveler og gode kaker, og korpsforeldra gjekk rundt og serverte oss til vi knapt orka ein bit til. Barna sprang rundt og leika seg, dei fekk ansiktsmaling ute i gangen, og kunne delta i teiknekonkurranse i eit klasserom. Alle hadde også fått kvar sitt lodd, og innimellom disco-dansinga var det loddtrekning. Alle fekk loddpremie. Det vart også delt ut premiar til dei beste teikningane, og jammen blei alle premiert for det også. Festen varte i 4 timar, og folk i alle aldrar kosa seg heile tida og prata og dansa. Denne festen blei ei veldig god oppleving for alle, og vil bli hugsa med glede lenge. Hjarteleg tusen takk til Ulsteinvik Skulekorps for den venlege festen!

vennefest4   vennefest3

 
 
66 69 60 08
73 18 61 00
37 16 25 00
61 16 24 60
40 67 54 22
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48

Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK