Vil du møte Abid Raja i Ulsteinvik ?

Vil du møte Abid Raja i Ulsteinvik ?

Abid Raja er kjent for dei fleste, advokat og politiker, fødd på Ullevål i 1975 og med familierøter i Pakistan. Han har markert seg dei siste åra på ulike måtar, det er berre å google han så ser du det, og han er ikkje redd for å kome med sterke meinigar.

Men vi har invitert han mest fordi han med sin bakgrunn har personleg erfaring med å vekse opp med føttene i minst 2 kulturar. Vi ønsker at våre (mannlege) bebuarar og flyktningar i kommunen skal få møte ein mann som, basert på eigen oppvekst i Noreg, kan fortelje om sine opplevelsar og tankar rundt utfordringane ved å vekse opp og leve i ein fleirkulturell situasjon.

Vii ønskjer fokus på menneskesyn/ kvinnesyn/ barneoppdragelse i det norske samfunnet generelt, men også innad i familiar. Herunder kjem tema som likestilling, rollefordeling, mannsroller i Noreg, verktøy til å oppdra barn, vold i nære relasjonar, tvangsekteskap, m.m.

Vi vil også at han snakkar om kva ære betyr i Noreg kontra land der mange av våre nye landsmenn kjem frå. Og kva vil det seie å leve i eit land som er styrt av lover og reglar kontra tradisjonar og uskrivne forventingar.

For våre samarbeidspartnarar i kommunen blir det fokus på kva dei og vi bør vere obs på i møte med innvandrarfamiliar og dei overfornevnte utfordringane.

Vi har god plass i auditoriet der Abid Raja skal snakke til våre samarbeids-partnarar. Og dette er tema som også skulle ha relevans for andre i Link AS. Så vil du/de ta turen til Ulsteinvik, så er det høve for overnatting ved Sunnmøre Folkehøgskule der foredraget skal vere 20. mai. Ellers har vi også eit veldig fint og nytt hotell i sentrum av fagre Ulsteinvik med sjøen som nabo. Og det går mange fly både til Ålesund og Ørsta, berre 1/2 time frå oss.

Er du interessert og har spørsmål om opplegg, pris, overnatting eller reise-måte så berre ta kontakt og spør etter Iselin. Alle er hjerteleg velkomne.

 
 
Styreleder:
Morten Jørgensen
jorgensen@linkmottak.no
+ 47 95 94 09 95
73 18 61 00
61 16 24 60
70 00 96 90
45 96 89 73
69 89 90 40
47 93 84 00
47 87 60 60
48 84 93 00
Daglig leder:
Hallstein Saunes
hallstein@linkmottak.no
+ 47 48 89 85 48
LINK AS
Postboks 527
4665 Kristiansand

ORG.NR. 880 403 982
Følg oss
KONTAKT DRIFTSOPERATØR
Vi støtter
KONTAKT VÅRE MOTTAK