23. januar 2012
Av Link-Morten
ART-kurs på Søre Sunnmøre mottak
Kvar torsdag frå januar til mars skal ungdomane på Søre Sunnmøre
mottak delta på ART-kurs.
For dei som ikkje har full ovsrsikt over kva ART står for, så er
orda bak bokstavane Aggression, Replacement,
Training.
Om dette ikkje gir deg så mykje kjøt på beina, så er hensikta
med kurset å gi ungdomane trening i
1) sosiale ferdigheter
2) sinnekontroll
3) moralsk resonnering.
ART er eit svært lovande undervisningsopplegg for reduksjon av
atferdsvanskar hos barn, ungdom og vaksne. Programmet er i bruk
innan skuleverket, barnevernet, psykisk helsevern og i
fengselsvesenet. Og no også på mottaket i Ulsteinvik, som eit
førebyggjande kurs for våre unge, flotte bebuarar!